Medieartikler - Stene Båtservice

Gå til innhold
OM OSS I MEDIEARTIKLER


Han gjør hobbyen til næring

For Tore Stene har båtar og båtliv vore nærast ein lidenskap. Difor er han glad for å vere i gang med Stene Båtservice og å kunne tilby kundane det dei treng. Denne båten er heilt ny, og Stene har rigga den og montert det eigaren ville ha mellom anna til fiske.

Til våren håper Tore Stene (55) å ha klart opptrekk for fritidsbåtar på inntil 50 fot ved Stene Båtservice på Sørbøvåg. Anlegget hans på Giilstranda skal gje minst tre-fire arbeidsplassar.

I 1988 begynte Tore Stene å køyre lastebil, og i 2007 skipa han verksemda, T. Stene Transport A/S. I alle år har båtar og båtliv vore hobby og fritidsaktivitet, og no gjør han hobbyen til næring.

– Eg har to bilar igjen, men har kanskje køyrt siste turen med lastebil sjølv. Eg vil heller vere her, seier Stene, om Stene Båtservice som han etablerte i 2020. Bygningen på drygt 300 kvm som dei held til i, var tenkt som verkstad for lastebilane, men er heilt ut brukt til fritidsbåtar.
Opptrekk og veg
Til no har han teke båtane på land i småbåthamna på Sørbøvåg og frakta dei til Giilstranda på båtvogn, men dette blir det heldigvis snart slutt på. Etter nokre strafferunder, som han sjølv kallar det, med Statsforvaltaren, har han endeleg fått klarsignal til eit opptrekksanlegg. Han må byggje 70 meter veg, i tillegg til flytebryggjer, bølgjebrytar og fylling i sjøen. Håpet er at dette står klart 1. april.
– Men då må det gå glatt, seier Stene.
– Vi skal tilby det folk etterspør til båten sin. Alt frå å vøle skade på skrog, ta service på motorar, opptrekking av båtar innvendig og montering av utstyr som baugpropell, til sal av utstyr og motordelar.
– Vegen blir til medan vi går, seier Stene, som ikkje utelukkar å selje båtar ein gong i framtida.


Nede ved sjøen skal Stene Båtservice byggje opptrekk for båtar, bølgebrytar og fylle ut i sjøen. Vegen opp til eksisterande hallområde er på 70 meter. 1. april håper Tore Stene at han endeleg kan ta opptrekket i bruk.

Eins ærend frå Drammen
Sjølv om dei heller nyleg er i gang, har dei fått spørsmål om å hjelpe med drev frå Drammen til Tromsø.
– Han frå Drammen køyrde eins ærend hit fordi vi kunne hjelpe han straks, tromsøværingen fekk ordna seg nærare, fortel Stene. Han oppmodar båteigarar til å vere ute i god tid, gjerne når dei skal setje på land, ikkje vente til våren. Salet av fritidsbåtar har nærast eksplodert, noko som gjer det ekstra viktig å vere ute i god tid om du vil unngå venting på reparasjonar, seier Stene.
Hugselista hans til båteigarane er å høgtrykksspyle båten med ein gong den er på land, før grønska tørkar. Å syte for at skroget er heilt reint før polering, å sjekke skroget, propellen, drev og ror for skadar, å reingjere propell og undervannshus grundig, og å sjekke at botnventilen er i orden. I tillegg til at han sjølv har tileigna seg kompetanse på området, har Stene knytt til seg flinke folk. Han har førebels ikkje planar om båthotell, men har fått nokre førespurnadar om vinterlagring og vil difor tilby lagringsplass utandørs med tilrettelagt straum.

Viktig å samarbeide
For Tore Stene er samarbeid mellom næringar særs viktig, og han meiner at dei maritime og mekaniske bedriftene som har blomstra opp i Sørbøvågområdet utfyller kvarandre godt. Mottoet hans er at for å få suksess, må ein også unne andre suksess. Dei må bruke kvarandre for å behalde ekspertisen i området, og han har alt inngått avtalar med Sognefjord Boating og Finio.
Anlegget nede ved sjøen blir dyrare enn tenkt, mellom anna fordi geolog måtte inn og vurdere tiltaka, men Stene håper og trur at finansieringa skal gå i orden.


Bygningen på 21 x 15 meter som Stene Båtservice held til i, var tenkt til verkstad for lastebilane Tore Stene eig, men gjer nytten når fritidsbåtar skal under tak for ettersyn, reparasjonar og service.

Fleire vil ha jobb
Ekspertise på drev er det for lite av, difor blir det venting når alle treng hjelp på same tid. Stene har knytt til seg ein på Sandane som har utstyr til å ta slikt arbeid. Han er av og til på Sørbøvåg og hentar då med seg arbeid heim att.
– Å fikse eit drev kan ta alt frå to timar til ein dag. Det er finmekanikk og dyre ting, så du må vite kva du balar med og ikkje minst få jobbe i fred, ikkje måtte springe rundt og svare på telefonar i eitt køyr, seier Stene, som ikkje trur det er problem å få arbeidsfolk, han har alt hatt dei på døra som gjerne vil begynne.
Med tida er det planen å byggje på verkstaden med kontor i andre høgda og lager/ teknisk rom i tredje høgda. Det som er gjort til no, har han kosta sjølv. Han let vel over Hyllestad kommune for velvilje, økonomisk hjelp og godt samarbeid.


Stene Båtservice vart etablert i 2020 av Tore Stene, og held til til på Giilstranda på Sørbøvåg. Tore har frå før sitt eige transportfirma, T. Stene Transport, men har no lyst å prøve seg i båtbransjen i tillegg.
Bygget som Stene Båtservice held til i, var eigentleg tenkt som verkstad for lastebilane. Men etter samtalar med mellom anna Finio og deira satsing mot næringslivet, såg han ein mogelegheit for å gjere hobbyen sin til yrke, og bestemte seg for å bruke bygget til verkstad for fritidsbåtar.

Plasseringa til Stene Båtservice er unik, det er ikkje mange som tilbyr det dei kan tilby i området mellom Florø og Bergen. Særskilt innvendig arbeid er det få som driv med. Ferievanane til folk har, av ulike grunnar, endra seg dei siste åra, og salet av fritidsbåtar har nærast eksplodert.






Med Stene Båtservice håpar Tore Stene å bidra til nye arbeidsplassar i Sørbøvåg.


Stene Båtservice er ei nystarta verksemd i Sørbøvåg som skal levere tenester til fridtidsbåtar, i form av reparasjonar og vedlikehald på båtar opp til 50 fot.

Interesse for båt
Til Ytre Sogn fortel Stene, som også er mannen bak T. Stene Transport AS, at det å starte opp båtverkstad er noko han lenge har hatt lyst til.
-Bakgrunnen er rett og slett mi eig interesse for båt, som er litt over gjennomsnittet. Lokalet her har blitt brukt til vedlikehald av lastebilar, men for å forsvare dette store bygget eg som kostar ein del pengar, fann eg ut at tida var inne for å realisere draumen om båtverkstad.
MENY
KONTAKT
STENE BÅTSERVICE
Åfjordvegen 1040,
6958 Sørbøvåg

Telefon: +47 97 59 52 60
Epostadresse: post@tstene.no
ÅPNINGSTIDER
Hverdager
07.30 - 16.00

Lørdag
Vennligst gjør en avtale!

Søndag
Vennligst gjør en avtale!
STENE BÅTSERVICE
Åfjordvegen 1040,
6958 Sørbøvåg

Telefon: +47 97 59 52 60
Epostadresse: post@tstene.no
STENE BÅTSERVICE
Åfjordvegen 1040,
6958 Sørbøvåg

Telefon: +47 97 59 52 60
Epostadresse: post@tstene.no
Tilbake til innholdet