OM OSS - Stene Båtservice

Gå til innhold
OM OSS

Stene Båtservice er en tilbyder av marine vedlikeholdsthenester.
Stene Båtservice vart etablert av Tore Stene, og held til til på Giilstranda på Sørbøvåg. Tore har frå før sitt eige transportfirma, T. Stene Transport, men har no lyst å prøve seg i båtbransjen i tillegg. Bygget som Stene Båtservice held til i, var eigentleg tenkt som verkstad for lastebilane. Men etter samtalar med mellom anna Finio og deira satsing mot næringslivet, såg han ein mogelegheit for å gjere hobbyen sin til yrke, og bestemte seg for å bruke bygget til verkstad for fritidsbåtar.
For Tore er samarbeid mellom næringar særs viktig, og han meinar at dei ulike maritime og mekaniske bedriftene som har blomstra opp i Sørbøvågområdet er flinke til dette, og utfyller kvarandre godt. Tore seier at for å få suksess må ein også unne andre suksess. Dei må bruke kvarandre for å behalde ekspertisen i området og har allereie inngått avtalar med Sognefjord Boating og Finio.
Båt er, og har alltid vore, den store lidenskapen til Tore. Han seier sjølv at han er over gjennomsnittet interresert i båtar og har over mange år opparbeida seg solid kompetanse på området. Tore har også knytt til seg dyktige medarbeidarar som er spesialistar på sine områder og kan på den måten tilby alle typar service. Planen er at Stene Båtservice skal ha fire tilsette.
Markedet dei rettar seg mot er fritidsbåtar inntil 50 fot, og tilbyr service for desse. I tillegg til alle typar service på båtar, som til dømes glasfiberreparasjonar, innvendig opptrekking og motorreparasjonar, tilbyr dei også service på vannskutarar.                                                                                      
Dei driv også med sal av båtutstyr og reservedeler. Dei har ikkje fysisk butikk, men vil prøve å bygge seg opp eit lite delelager og skaffar elles alt du treng til båten din til hyggjelege prisar. Det er førebels ingen planar om båthotell, men dei har fått nokre førespurnadar om vinterlagring og vil difor tilby lagringsplass utandørs med tilrettelagt straum.
Plasseringa til Stene Båtservice er unik, det er ikkje mange som tilbyr det dei kan tilby i området mellom Florø og Bergen. Særskilt innvendig arbeid er det få som driv med. Ferievanane til folk har, av ulike grunnar, endra seg dei siste åra, og salet av fritidsbåtar har nærast eksplodert. Etterspurnaden er større enn leveringsevna på denne typen båtar og Tore ser ikkje føre seg at dette kjem til å endre seg særleg.

Med vennlig hilsen
STENE BÅTSERVICE
Tore Stene
Daglig leder

MENY
KONTAKT
STENE BÅTSERVICE
Åfjordvegen 1048,
6958 Sørbøvåg

Telefon: +47 97 59 52 60
Epostadresse: post@tstene.no
ÅPNINGSTIDER
Hverdager
07.30 - 16.00

Lørdag
Vennligst gjør en avtale!

Søndag
Vennligst gjør en avtale!
STENE BÅTSERVICE
Åfjordvegen 1040,
6958 Sørbøvåg

Telefon: +47 97 59 52 60
Epostadresse: post@tstene.no
STENE BÅTSERVICE
Åfjordvegen 1040,
6958 Sørbøvåg

Telefon: +47 97 59 52 60
Epostadresse: post@tstene.no
Tilbake til innholdet